Lyserosa tarmar i kvelvet

ANMELDELSE
Publisert 23/12/19
| Skrevet av Åsa Osmundsen Opedal

Time Crystals / We really need to talk about this ...

Omtale: Time Crystals / We really need to talk about this ...

Tittel: Silje Heggren: Time Crystals, Brynhild Winther: We really need to talk about this, René / Loveletter for Descartes part 1
Kunstnere: Brynhild Winther og Silje Heggren
Form:
Teikning, maleri
Visningssted: Oseana, Hvelvet
Tidsrom: 28.09–27.10.2019

Kva er det som separerer menneska frå dyra? Og kva er tidskrystallar?

I Hvelvet på Oseana, i eit lite rom utan vindauge, finn eg meir enn hundre verk av dei Bergens-baserte kunstnarane Silje Heggren og Brynhild Winther, som har fått to veggar kvar. Sistnemnde har spikra opp 95 overlappande teikningar på collageaktig vis, mens Heggren sin måleriserie på ni bilete er ryddig opphengt og vert eit kvilepunkt for augo. Hennar måleriserie er eit umiddelbart blikkfang og noko hjernen enkelt kan kategorisere. Winther sin montasje derimot er ein studie. Som ei bok der sidene er rivne ut og strødd utover. Kvar skal eg begynne?

Det som separerer mennesket frå dyret, er internett

Eg begynner med Winther. Arka varierer i storleik, frå A5-format til meterstore, og baserer seg på teiknaren si forelsking i René Descartes som tiåring. Kjenslene resulterte i kjærleiksbrev, og no denne utstillinga. Winther trasser hennar kjære sine tankar og diskuterer påstanden hans: Dyr har manglande tankeevne og sjel, og dette reduserer dei til lekamar eller maskiner og er ei motsetting til menneske som er tenkande, bevisste og evnar å bruke og skape språk og omgrep.

Foto: Silje Heggren
Foto: Silje Heggren
Foto: Brynhild Winther
Foto: Brynhild Winther

Winther har ei anna tolking og problematiserer det dualistiske verdssynet gjennom motiv av lidande kattar, smilande sjimpansar, redde hundefjes inne i romfartshjelmar, som tyder på at dei er meir enn maskinar. Bestialske motiv av dyr som er opna, med synlege innvolar hengande ute av kroppen, hunden Laika og surrealistiske samanstillingar av kaninar som blir til kontorrullestolar, fører tankane til mennesket sine overgrep mot dyr. Streken varierer frå realistiske anatomistudiar til kladda teikningar som minner om då ein var barn og enda ikkje hadde lært seg å teikna ryddig ved å halde handbaken løfta over arket. Skrift og sytråd snirklar seg over fleire bilete og binder Winther sine tankar saman. Blødande, fargeglade plastkjeder danderast over lyserosa tarmar og er eit stikk til oljeindustrien. Tekstbruken i utstillinga er vedunderleg, treffande og til tider humoristisk.

«What separates human beings from other animals, is that human beings have access to the internet, that makes humans more like machines compared to other animals.»

Er eigentleg mennesket meir sjelfullt enn dyret? Her er det mykje å både sjå og lesa, og me får eit djupdykk i Winther sitt hovud og kaninen si innside. Eg kunne ha skrive ei bok om utstillinga hennar, men vidare til motståande veggar.

Silje Heggren

Utdannelse:
1997 - Kunstskolen i Bergen.
1998 - Strykejernet Tegne-og maleskole, Oslo.
1998–2002 - Kunsthøyskolen i Bergen, avd. Kunstakademiet.
2001 -Academy of Fine Art, Helsinki, dep. of time/space.

2015 -Bachelor i kunsthistorie, University of Bergen.
2017 - Master i kunsthistorie, University of Bergen.

Utvalgte soloutstillinger:
2017 - Utopolis, Lysverket, KODE 4, Bergen.
2016 - Utopolis, Galleri Langegården, Bergen.
2016 - Perpetuum Mobile, the Art of the Impossible, Kunstgalleriet, Stavanger.
2014 - Perpetuum Mobile, Lysverket, KODE 4, Bergen.
2012 - Separatutstilling, Galleri Langegården, Bergen.
2012 - Land Of Confusion, Separatutstilling, Kunstgalleriet, Stavanger.

Utvalgte gruppeutstillinger:
2013 - Untitled 14, Galleri S.E, Bergen.
2012 - 65 Malerier på Bergen Kjøtt, Bergen.
2010 - BGO 1, Bergen Kunstmuseum.
2008 - Portrett, Voss Kunstlag, Voss.

Siljeheggren.com

Brynhild Winther

Utdannelse:

1996 - Tegnestudent hos Yang Zhu.
2013 - Ålesund Kunstfagskole.
2018 - Master i kunst, Kunst- og designhøgskolen i Bergen, KHiB.
2016 - Bachelor i kunst, Kunst- og designhøgskolen i Bergen, KHiB.

Utvalgte soloutstillinger:

2019 - Another reductionist cave, Immunologisk Institutt, UiO, Oslo.
2019 - Første utkast/Adolescent Outcast, Bryne Kunstforening, Bryne
2018 - Aping a Ritual to Heal Sick Horses, Oppland Kunstsenter, Lillehammer.2018 - Mistaking pressure for pleasure, Joy Forum, Bergen.

Utvalgte gruppeutstillinger:
2019 - Natur, Kunstgarasjen, Bergen.
2019 - Switcheroo, Kanalveien 90, Bergen.
2018 - Friday the 13th, Masterutstillingen i Bergen Kunsthall.
2018 - Untiteled flavourless animals, i samarbeid med Victor Guzman, Tag Team Studio/Prøverommet, Bergen.

Brynhildwinther.no

Foto: Silje Heggren
Foto: Silje Heggren
Foto: Silje Heggren
Foto: Silje Heggren

Dei evige krystallane

Heggren sin måleriserie er definisjonen på bilete: oppspente lerret metta av måling. Det er ryddig og forståeleg.

Inspirasjonen bak er litt meir uforståeleg, men spanande, og handlar om ein nyoppdaga materie som blir kalla tidskrystallar. I motsetning til normale krystallar, som har eit repeterande mønster og held seg uendra i forhold til tida, er tidskrystallar ein struktur som repeterast i rom og tid. Fordi krystallane aldri oppnår jamvekt, vil dei alltid forandre seg, og dei kan sjåast på som ein slags ævemaskin og verkar som ein naturleg forlenging av Heggren sin CV – ho har tidlegare arbeida med måleri av tidsmaskiner.

Det luktar måling når eg nærmar meg biletet Time Crystals #7. Eller kanskje det er ei innbilling. Lerretet er større enn meg, med einsfarga bakgrunn og tidskrystallar som sentrert motiv. Krystallane står klart ut frå bakgrunnen og opptar mesteparten av flata. Ho meistrar å framstilla eit lys gjennom korleis ho sett saman dei avgrensa fargeflatene og den einsfarga, flate bakgrunnen framhevar den strålande krystallen som kjem ut av lerretet. Linjene treffer kvarandre i matematisk perfeksjon, og det utilslørte måleriet set alt fokus på komposisjon og fargeklang.

Foto: Silje Heggren
Foto: Silje Heggren
Foto: Silje Heggren
Foto: Silje Heggren

Stjerna i boka frå Descartes

I likskap med Descartes sitt dualistiske verdssyn er utstillinga dualistisk i si heilskap. Det er lett å bli dratt inn i Winther sitt kritiske dyreunivers, som er full av politiske og intellektuelle referansar til Noam Chomsky, sjimpansefetteren Nim Chimpsky, Soria Moria-regjeringa, oljeindustrien og mykje meir. Heggren sine balanserte, presise komposisjonar er eit resultat av nitid arbeid, men eg vert fort ferdig med Heggren sitt prosjekt. Kunstnaren sitt ynske om å gje ein spontan estetisk oppleving og samtidig invitera til vidare refleksjon fell igjennom, og teorien bak Heggren sine krystallar er meir spanande enn resultatet.

Mens Heggren sine bilete nærmast ser maskinskapte ut, med perfeksjon og nøyaktigheit som mål, ynskjer Winther med sine krølla ark og kladda resultat eit meir menneskeleg uttrykk. Descartes ville moglegvis gitt Heggren ei ekstra stjerne i boka, då ho med si målarevne produserer eit resultat som ser maskinlaga ut og evnar å skape eit språk som etterapar noko maskinelt. Men for å sitere Winther og tittel på bilete nummer 78: Apen var der først.