Numer #135
Utgitt: 18. oktober 2024
Redaktør: Fredrik Rysjedal
Design: Laila Mjøs
Korrektur: Bokarbeid
Trykk: Rolf Ottesen AS
Opplag: 1300
Omslag: Finn Graff
Om utgaven
I Numer #135 presenterer me eit rikt illustrert intervju med den 85 år gamle legenda Finn Graff. Stig Andersen har besøkt illustratøren som i årevis har briljert som satireteiknar i avisene, og me viser eit utval av teikningar frå heile karrieren hans. Me republiserer også eit intervju med Irma Salo Jæger laga for Tegnerforbundet si utstilling Abstrakt, skrive av Lene Fjørtoft. Ingun Bøhn tørkar støv av leseslitte bøker frå biblioteket og minner oss om den svenske illustratørlegenda Eva Eriksson. Egon Låstad skildrar teikneseriepioner og illustratør Ivar Mauritz-Hansen sitt liv og virke, medan Anja Dahle Øverby følger opp frå førre nummer og lærer oss å lage akvarellfarger. Marianne Andresen, som i år er 90 år, har levd eit liv som skil seg frå dei fleste kunstnarar her i landet. Ingun Bøhn skildrar ein ivrig teiknar, som trass ein krevjande kvardag, som fulltidsengasjert medarbeidar i mannen si bedrift, likevel fann tid til å dyrke sitt kunstnariske talent. Så kan me glede dykk over at bokmeldingane er attende i magasinet, og avsluttar med ei bokmelding av boka Portrait of a Body av Julie Delporte. Det har ikkje vore ei bokmelding i bladet sidan 2019, men no vert det litt på trykk og mest på nett framover.