Den siste endring (2020)

Kai Arne Kirkebø

Kai Arne Kirkebø er frå Førde i Sunnfjord og har bachelor- og mastergrad i kunst frå Kunst-og designhøgskolen i Bergen (som i dag heiter UiB, KMD). Han bur og jobbar i Lillehammer.

Numer Visningsrom viser animasjonsfilmen Den siste endring (2019). Dette verket vart opprinneleg laga for Bodø Biennale 2020, og i prosessen har Kirkebø brukt bileter frå Bodø by som grunnlag for enkelte linjeformasjonar. I likskap med bildekunsten hans, er infrastruktur og bevegelse eit overordna motiv i dette videoverket.

I Den siste endring kjem me tettare på strekane til Kirkebø. Strekane er kraftigare enn dei tynne strame strekane me vanlegvis ser i bildekunsten hans. Formene er også primære og motiva abstrakte i motsetning til dei figurative megabyane som Kirkebø teiknar i bileta sine. Det nitidige presisjonsarbeidet som han også er kjent for er også til stades i dette videoarbeidet. Animasjonen består av 5000 teikningar i blyant, vist med ca. 15 bileter i sekundet.

Animasjonen er skapt gjennom ein intuitiv teikneprosess, der kvar nye teikning har styrt retninga vidare. Sjølv om prosessen er improvisasjon jobbar Kirkebø systematisk i måten han flytter linjene, som gir det presise og mekaniske utrykket. Animasjonen oppnår ein flyt der dei geometriske linjene dannar former som veks fram, endrar og transformerer seg. Linjene dannar flater som beveger seg på ulike nivå, og skapar i små augneblikk ein illusjon av 2-dimensjonale flater i eit 3-dimensjonalitet rom. Mot slutten bryt linjene oftare over i å danne 3d-objekter og omgivnader som beveger seg parallelt med det 2-dimensjonale.

Numer Visningsrom viser Den siste endring fram til April.

Kommende utstillere

April-juli

Tim Romanowsky
Nodon (2019)

Stillbilde av arbeide av Tim Romanowsky