Xueting Yang sitt sensoriske kjøken

ANMELDELSE
Publisert 12/01/23
| Skrevet av Åsa Osmundsen Opedal

Kjøkken

Omtale: Kjøkken

Tittel: Kjøkken
Kunstnar: Xueting Yang
Form:
Bildeutstilling/intsallasjon
Visningsstad:
Northing, Bergen
Tidsrom:
26.11.22—13.01.2023

I eit flislagt hjørne ligg nokre klementinar. Dei skrik oransje mot den kvite glasuren. Nokre er skrelte, andre har skalet intakt. Det kvite hjørnet er satt i eit blått rom. Yang sitt sensoriske kjøken.

Frå taket heng gjennomskinlege teikningar trykka på silkesjal. Under det sarte tekstilet står eit langbord. Det skal arrangerast tesmaking denne fredagen.

Den eine galleriveggen utgjer eit stor vindauge. Eit stort kattedyr er klistra på glaset i sin fulle storleik. Tigeren og klementinane har same farge. Klistremerket lokkar fingrane til å stryka over den ujamne overflaten.

Northing tek Aust-Asia inn i Østre Skostredet 10

Xueting Yang (1988) er ein kinesisk kunstnar som flytta frå Kaifeng til Oslo i 2011. Utstillinga Kjøkken er basert på teikneserieboka (2022) med same namn. Med utstillinga ynskja Yang å gi oss ei sensorisk oppleving av boka. Ei sensorisk oppleving utover det teikningar på papir kan gi.

Foto: Yilei Wang/Northing
Foto: Yilei Wang/Northing
Foto: Yilei Wang/Northing
Foto: Yilei Wang/Northing
Foto: Yilei Wang/Northing
Foto: Yilei Wang/Northing

Det er ein stille sfære me entrar. Utstillinga pirrar sansane med taktile element. Det flislagte hjørnet som nesten ser vått ut med sin glatte glasuroverflate, den sarte silken som heng umerkeleg frå taket og dei oransje sitrusfruktane fulle av smak.

Northing er eit galleri for publikasjonar, design, musikk og arrangement. Hensikta deira er å bringa kunst frå Aust-Asia til Noreg, og omvendt. Galleriet liknar ein hybrid av kjøken og kontorfellesskap. Det er berre eit gallerirom, men ein kan vera her lenge.

Yang studerte kunst ved kunstskulen i Oslo, debuterte med boka Et annet sted i 2014 og har teikna for Morgenbladet. Hennar første bok var i likskap med Kjøkken ei bok med teikningar og tekst. Medan den første vann sølvpris for årets vakrast bok, vann Kjøkken gullmedaljen.

Den første teikninga som møter oss er tre menneskjer. Det liknar eit ungt par med eit spedbarn i bæresele på ryggen. Dei står vendt frå oss mot eit opent hav, men kikar seg over skuldra og smiler mildt. Dei ser naturlege og avslappa ut.

Foto: Yilei Wang/Northing
Foto: Yilei Wang/Northing

Rundt hjørnet heng 18 teikningar i gråtonar bak beskyttande glas. Ei høne, andlet, ein ball som heng i lufta over ei hand som venter på å ta imot. Motiva går over fleire bileter og bryr seg ikkje om papirformatet sine grenser. Me får ein fragmentarisk innsikt i Yang sine tankar og boka som utstillinga er basert på.

Boka Kjøkken består av sju teikneserienovellar der familie og kvardag går som ein raud tråd. Utstillinga Kjøkken er små utdrag og stillbileter, augeblikk av meir eller mindre forståelege kvardagssituasjon. Igjen ser me det unge paret og spedbarnet, her i eit mindre format og utan fargar. Er desse 18 teikningane utan fargar eit tidleg forstadie i boka si prosess? Er det skisser? Utstillinga gjer oss færre svar enn boka, men det gjer absolutt ingenting. Det er to ulike, fullverdige uttrykk for Yang sitt kjøken.

Foto: Yilei Wang/Northing
Foto: Yilei Wang/Northing
Foto: Yilei Wang/Northing
Foto: Yilei Wang/Northing

«Her er det ingen store kjensler, men utsnitt frå kvardagen. Det er nydeleg gjennomført.»

Enkle teikningar fulle av kunstnariske val

Seks trykk i fargar heng på motsett vegg. Eit av trykka er motivet frå framsida av boka; ei jente i gule klede blir klippa av ein mann. Ho ser ned for å ikkje få hår i auga. Eit fryst augeblikk. Eg ser for meg hobbyfrisøren som held pusten for å få til den heilt rette panneluggen.

Yang sine teikningar har noko stillferdig over seg. Ein dempa ro herskar og tida står stille. Her er det ingen tikkande klokkar som teller minuttane og timane som går. Nokre klede heng frå ei snor og silken som heng frå galleriet sitt tak får ein referanse. På den beigegrå veggen ser me to kinesiske teikn, subtilt i svak rosafarge.

Yang er fri i sine val av fargar.

Eit anna trykk viser ei monokrom blågrøn jenta som skuler skjelmsk på ei anna monokram jente som har fått fargen rosa på heile kroppen. Sjølv om jentene overlappar kvarandre kan me sjå begge sitt omriss. Den gule bakgrunnen blør utanfor linjene og over i den blågrøne jenta sitt hår. Kleda har folder og detaljar, medan håret er teikna som ein flate utan volum og tekstur. Kunstnaren bruker perspektiv, fargar og formar som ho vil.

Over bilete står det «For mange år siden så jeg en tiger». Det subtile referansen forklarar utforminga av gallerirommet.

Foto: Yilei Wang/Northing
Foto: Yilei Wang/Northing

Ekte andlet

Gjennomgåande for utstillinga er at motiv frå teikningane er tatt inn i rommet. Grøne planter som bognar over krukkene sine, klementinane, nokre få utvalte møbler. Me ser det i teikningane og me ser det i rommet. Teikningane er tatt inn i rommet og rommet er gjort om til ein teikningserie. Me beveger oss rundt i Yang si stille sfære. Observerer livet rundt oss. Alle dei naturlege menneskjene som verkar strippa for etikette. Dei genuine uttrykka i andleta som ikkje fins tilgjorte eller påtatte. Her er det ingen store kjensler, men utsnitt frå kvardagen. Det er nydeleg gjennomført. For trass den rike verda Yang har flytta inn i det vetle galleriet, bærer rommet ei kjensle av ro. Trass den glade paletten som fargar rommet og teikningane er det snarare det jordnære som pregar uttrykket.

Kaffi og te

Eg går rett over vegen til Colonialen på Litteraturhuset for å skribla ned tankane mine. Her kan eg nyta ein kaffi medan eg iakttar det sensoriske kjøkenet til Yang. Det ser varmt og trygt ut mot gata som badar i altfor våt snø. Tre menneskjer setter ut koppar til tesmakinga som snart skal starte. Den kvardagslege handlinga i å dekka på bordet påpeker kjøkenet si rolle som sosialt samlepunkt. Rommet der me et, drikk og pratar. Rommet der ein kanskje førebur seg på dagen som kjem, eller samlar tankane etter dagen som har vore. Det trygge rommet.