Takk for det gamle!

SAK
Publisert 03/01/23
| Skrevet av Fredrik Rysjedal

Året 2022 er omme og Numer ser attende på teikneseriane, dei illustrerte bildebøkene og kunstnarbøkene som fekk utmerkingar og prisar dette året.

Å skape bildebøker, teikneseriar og kunstnarbøker er ikkje noko konkurranse, det handlar ikkje om å verte best, men å få ytre seg fritt i det formspråket ein ynskjer. Så gratulere til alle som fekk publisert åndsverket sitt i 2022. Likevel så har me prisar og utmerkingar – me ynskjer å heidre kvarandre. Slik framhevar me kva bøker lesarane likte best, og kva bøker fagfellene meiner representerer kvalitet og aktualitet. Til sjuande og sist ynskjer me å inspirere til meir lesing, og ikkje minst skaping. Så når Numer sumerar heidersrekkene frå 2022 så er det for å synleggjere fjorårets faneberar. Gratulerer til alle, takk for det gamle og godt nytt bokår!

Det finnast fleire prisar for bildebøker og teikneseriar i Norge, og det skal me vere glad for. Då vert det nemlig ikkje slik at det er den same skaparen som gjer reint bord overalt. Prisane representerer ulike miljø med særeigne perspektiv og motiv. Eit mangfald av prisar gir oss variasjon og bredde i dei arbeida som vert løfta fram. Likevel ser vi av årets liste at reine bildebokpriser er det færre av samanlikna med kva som finnast av teikneserieprisar. Med framveksten av kunstnarbokfestivalar dei siste ti åra, så er det kanskje muleg å tenke seg at kunstnarbøker og til og med fanziner får meir plass i rampelyset enn det dei gjer i dag, det fortenar dei.

Her er prisane for bildebøkene, teikneseriane og kunstnarbøkene som vart gitt ut i 2022, presentert i kronologisk rekkefølge.

Tegnerforbundets utvalgte

Tegnerforbundet opnar alltid året med å stille ut bildebøker og teikneseriar som har utmerka seg året før. Her står illustrerte bildebøker og teikneseriar side om side, dei er alle likestilte på heiderspallen. Tegnerforbundets utvalgte 2021 var i år:

Bak den svarte porten av Skinkeape og Anders Bortne
Bloom 2016-2020
av Christian Hovden Bloom
Brillegeit av Steffen Kverneland
Dyrene sover av Mari Kanstad Johnsen og Kjersti Annesdatter Skomsvold
Inntrenger av Sigbjørn Lilleeng
Mulanosaurus Rex av Øyvind Torseter
Nattsvermerne av Sunniva Sunde Krogseth
O bli hos meg av Lene Ask
Skare av Thomas Falla Eriksen
Ubesvart Anrop av Nora Dåsnes,
Ultima Thule av Didrik Magnus- Andresen
Weltschmerz # 10 A av Christopher Nielsen

Tegnerforbundets utvalgte 2021 vart stilt ut Jan 21, 2022 - Mar 6, 2022.
Tegnerforbundets utvalgte 2021 vart stilt ut Jan 21, 2022 - Mar 6, 2022.

Kulturdepartementet

I mars var det tid for Kulturdepartementets sine prisar for barne- og ungdomslitteratur. Departementet gir årleg ut tre prisar til dei visuelle bøkene, og prisvinnarane var:

Illustrasjonsprisen til Passe Happy av Kari Stai
Bildebokprisen gikk til Uppsa av Hilde Hodnefjell
Teikneserieprisen gikk til Ubesvart Anrop av Nora Dåsnes

Kulturdepartementets sine prisar for barne- og ungdomslitteratur: Illustrasjon, bildebok og teikneserie.
Kulturdepartementets sine prisar for barne- og ungdomslitteratur: Illustrasjon, bildebok og teikneserie.

Visuelt

Grafill si største markering er Visuelt, ei prisutdeling som famnar grafisk design og illustrasjon og som vert feira med brask og bram i mai. Det vart gitt ut heile 10 prisar til illustrasjon, men bøkene som fekk pris i år var:

Bokprisen:
Gull: Bloom 2016-2020 av Christian Hovden Bloom
Diplom: Naken, antologi av Blokk forlag
Diplom: Ultima Thule av Didrik Magnus- Andresen

Barnebokprisen (og ungdom kanskje?):
Gull: Ubesvart Anrop av Nora Dåsnes
Gull: Georg er borte av Ragnar Aalbu
Diplom: Dyrene sover av Mari Kanstad Johnsen og Kjersti Annesdatter Skomsvold
Diplom: Katten og havet av Rune Markhus
Diplom: Nattsvermerne av Sunniva Sunde Krogseth

Studentarbeidprisen:
Diplom: Gigabror av Åsta Sparr
Diplom: Rør av Annika Linn Verdal Homme

Grafill si prisuteling Visuelt vart arrangert 11.05.2022.
Grafill si prisuteling Visuelt vart arrangert 11.05.2022.

Årets Tegneserie

Eit høgdepunkt i året for dei fleste norske teikneserieskaparar er festivalen Oslo Comics Expo, som vert heldt i juni kvart år. OCX som er arrangert av Serieteket på Deichman Grünerløkka gir i samarbeid med Tronsmo, Grafill og Tegnerforbundet ut prisen Årets Tegneserie (underteikna sat juryen). Prisen var på 40 000,- og eit verk av Ylve Thon. Årets tegneserie 2022 og dei nominerte var:

Årets tegneserie: O bli hos meg av Lene Ask

Nominert: Katten og Kråka av Arild Torvund Olsen, Trine Lise Normann og Are Edvardsen
Nominert:
Ubesvart Anrop av Nora Dåsnes,
Nominert: Weltschmerz # 10 A av Christopher Nielsen

Årets tegneserie vart gitt ut på Oslo Comics Expo 18.juni 2022.
Årets tegneserie vart gitt ut på Oslo Comics Expo 18.juni 2022.

Årets vakreste bøker

Den store årlege bokfesten for illustratørar og grafisk designere er Grafill sitt arrangement Årets vakreste bøker som i 2022 vart heldt 13. oktober. Av alle prisane var det 5 bildebøker/teikneseriar som fekk pris:

Skjønnliteratur (Illustrert):
Diplom: Buffy By er eventyrlysten – En reiseskildring av Nora Brecht

Skjønnlitteratur (Bildebok):
Gull: Dyrene sover av Mari Kanstad Johnsen og Kjersti Annesdatter Skomsvold
Sølv: Georg er borte av Ragnar Aalbu
Diplom: Mulanosaurus Rex av Øyvind Torseter
Diplom: Nattsvermerne av Sunniva Sunde Krogseth

Sakprosa (Bildebøker barn- og ungdom)
Gull: Katten og havet av Rune Markhus
Diplom: Gutteboka av Magnhild Winsnes
Diplom: Hvordan er det å vere voksen? av Anna Fiske

Bokomslag (Bildebøker barn)
Gull: Uppsa av Hilde Hodnefjell
Gull: Bak den svarte porten av Skinkeape og Anders Bortne
Diplom: Bror min av Øyvind Torseter

Teikneserier:
Gull: Kjøkken av Xuenting Yang
Diplom: Brillegeit av Steffen Kverneland
Diplom: Naken, teikneserieantologi av Blokk forlag
Diplom: O bli hos meg av Lene Ask
Diplom: Ubesvart Anrop av Nora Dåsnes

Kunstnarbøker (teiknebasert)
Gull: Tvillingsong av Anne Tveit Knutsen
Diplom: Bjarne Melgaard og gateavisa

Årets vakreste bøker vart arrangert 13. oktober 2022.
Årets vakreste bøker vart arrangert 13. oktober 2022.

Nordisk råds litteraturpris

Truleg den gjevaste prisen i året, på grunn av sin etablerte høge status og at formidlinga når ut til alle dei nordiske landa. I år gikk litteraturprisen for barn- og ungdom velfortjent til teikneserien:

Ubesvart Anrop av Nora Dåsnes

Nordisk råds litteraturpris vart gitt ut 1. november 2022.
Nordisk råds litteraturpris vart gitt ut 1. november 2022.

New York Times

New York Times har i 70 år løfta fram og gitt priser til dei beste barnebøkene i USA. Under haustens kåring av dei 10 beste barnebøkene i USA var den norske bildeboka Bedtime for Bo (Dyrene sover) ein av dei utkåra. Boka er illustrert av Mari Kanstad Johnsen og skrive Kjersti Annesdatter Skomsvold. Prisen er eit samarbeid mellom New York Times og New York Public Library.

Prisen vart markert 15. november.
Prisen vart markert 15. november.

Pondusprisen

Pondusprisen er den største norske teikneserieprisen i kroner og øre, og vert gitt ut av Strand&Øverli/Strand forlag. Den har som motiv å heidre ein teikneserieskapar som har merka seg positivt det gjeldande året (SNL). Prisen har vorte gitt ut sidan 2010 og i 2022 var den på 150 000 kr. Pondusprisen 2022 gikk til:

Rigel: Urettens ekko av Ida Larmo

Pondusprisen vart delt ut 10. desember.
Pondusprisen vart delt ut 10. desember.

Sproingprisen

Denne prisen teiknar seg heilt attende til 1987 og vert gitt ut av foreninga Norsk tegneserieforum. Det vert gitt ut pris til beste norske og beste oversatte teikneserie, og det er medlemmene i foreningen som stemmer. Den beste norske teikneserien medlemmane stemte fram i 2022 vart:

Intet nytt fra hjemmefronten – Foreldreskapet (2021) av Therese G. Eide.

Brageprisen

Brageprisen har vorte delt ut sidan 1992 og gir pris til kategoriane Skjønnlitteratur, Barn og ungdomslitteratur, sakprosa og open klasse. Vinnarane får 75 000,- og Bragestatuetten av skulptør Børre Larsen. I år fekk ein bildebokforfattar(blant anna) heidersprisen og ein teikneserieskapar prisen i åpen klasse:

Heidersprisen:
Gro Dahle

Åpen Klasse:
Urettens ekko av Ida Larmo

Brageprisen vart arrangert 24. november 2022. Forfattarfoto: Line Fresti
Brageprisen vart arrangert 24. november 2022. Forfattarfoto: Line Fresti