Historier som enno ikkje er skrivne

ANMELDELSE
Publisert 11/03/20
| Skrevet av Eva Furseth

Per Dybvig – Skog

Omtale: Per Dybvig – Skog

Tittel: Per Dybvig – Skog
Kunstnere: Per Dybvig
Form:
Teikning og animasjon
Visningssted: Nils Aas Kunstnerverksted, Inderøy
Tidsrom: 8. februar–12. april

Ikkje minst er Per Dybvig kjend for viltre illustrasjonar i barnebokseriane Svein og rotta til Marit Nicolaysen og Doktor Proktor av Jo Nesbø, og mange fleire. Med åra har han teikna til meir enn åtti bøker. Teikningane vi møter i utstillinga ved Nils Aas Kunstnerverksted, er utforma i ein heilt annan stil enn dei raske, skisseaktige illustrasjonane vi kjenner frå barnebøkene. Dei er presise i linjeføringa, utforma med skarp, nåletynn tusjpenn med ein detaljrikdom ein sjeldan ser maken til.

Skogen

Verka kan sjåast som teikningar til historier som enno ikkje er skrivne. Og kva slags historier ville ikkje det verte: Her smeltar Alice i eventyrland saman med folkeeventyr, mytologi og arketypane til Gustav Jung – for å nemne noko. Arbeida har det fabulerande preget som kjem når ein set tusjen på eit kvitt ark og flaumen frå det umedvitne blandar seg inn i rørslene frå handa. Trass i denne lause tilnærminga dannar arbeida heilskaplege, samla komposisjonar. Verka inviterer oss til å dikte med og endrar såleis innhald etter kven som ser på. Når vi ser fleire verk samstundes, som her, flettar dei seg saman og dannar eit stort, komplekst univers av merkverdige skapningar.

Tema for utstillinga er skogen. Det er i liten grad sjølve naturen som vert skildra, snarare dei som held til her. Her vert skiljelinjene mellom jeger og byttedyr viska ut, og alt kan hende. Det kviler ei urovekkande stemning over arbeida, som vert balansert med ein underfundig humor.

«Ved eit lett opprissa hus står ein morsk type, ein gnagarliknande hybrid mellom menneske, dyr og monster.»

*Foran huset* (2019) av Per Dybvig. Foto: Solveig Viken
Foran huset (2019) av Per Dybvig. Foto: Solveig Viken

Foran huset

I så måte er Foran huset eit representativt verk for utstillinga. Ved eit lett opprissa hus står ein morsk type, ein gnagarliknande hybrid mellom menneske, dyr og monster. Med ølflaske, røyk i kjeften og ein pistol skodar han vaktande føre seg. Dei store øyra strittar i veret, lyttande.

I framgrunnen sit eit fugleliknande vesen med bein som endar i treaktige former. Det er ikkje sjeldan figurane til Dybvig har greiner veksande ut av kroppen. Med det lange, skarpe nebbet har fuglen spidda eit digert, ekkelt insekt. Det er lòdent, med vengjer og underlege tentaklar. Blikket er roleg, og handa har eit godt grep om pistolen. Det er ei form for stillingskrig mellom gnagaren ved huset og fuglen. Er dei rivalar, eller kanskje to som vil ha huset?

I høgre hjørnet vaglar eit fugleliknande vesen på ein stol. Frå halsen og oppover glir fjør over til bark og greiner. Underleg nok er blada måla grøne, kunstnaren kunne med fordel halde dei utstilte teikningane i svart tusj. Ein underleg gnagar held til øvst i trekrona. Han ser ikkje heilt blid ut. Det er ikkje godt å seie om han tenkjer å angripe fuglen, eller er på lag med han. Det kan like godt vere at han kjempar sin eigne vesle kamp oppi treet.

Animasjonsfilm

Dybvig utforskar også streken gjennom teiknefilm som medium. Gjennom ein omstendeleg prosess teiknar han figurane, tek bilde av teikninga, viskar ut figuren, teiknar på nytt og tek nok eit bilde. Det går med meir enn 3000 slike teikningar i éin einaste film. Animasjonane til Dybvig er røffare i stilen enn dei utstilte teikningane, med surrealistiske handlingsførløp der lydspora er viktige for opplevinga.

Mellom dei tre animasjonane som vert presenterte, er musikkvideoen *Evig din* med Morten Abel (2018).
Mellom dei tre animasjonane som vert presenterte, er musikkvideoen Evig din med Morten Abel (2018).

«Linjeføringa er elegant, vekslar frå tørre, grålege strekar til tjukkare og saftig svarte. Såleis gir han figurane volum og skaper djupn i verka.»

*This is where they left* (2015) av Per Dybvig. Foto: Solveig Viken
This is where they left (2015) av Per Dybvig. Foto: Solveig Viken
Detalj fra *This is where they left* (2015) av Per Dybvig. Foto: Solveig Viken
Detalj fra This is where they left (2015) av Per Dybvig. Foto: Solveig Viken

Ørsmå signaturar

Dybvig teiknar opp figurane med mengder av slanke linjer, noko som gir arbeida ein mjuk tekstur. Linjeføringa er elegant, vekslar frå tørre, grålege strekar til tjukkare og saftig svarte. Såleis gir han figurane volum og skaper djupn i verka.

Dybvig viser glede over å utfalde seg i dei små formata. Dei har noko av miniatyrens kvalitetar over seg, fascinasjonen over kor smått ein kan utfalde seg. Og minst av alt er signaturane. Det er sjeldan ein ser nokon skrive namnetrekket så smått som Dybvig. Ein må nærast ha lupe for å tyde det vesle årstalet bak namnet.

Verka til Per Dybvig fungerer godt i samspel med den faste utstillinga av Nils Aas. Foto: Solveig Viken
Verka til Per Dybvig fungerer godt i samspel med den faste utstillinga av Nils Aas. Foto: Solveig Viken

Nils Aas Kunstnerverksted

Det fabulerande og samstundes stilsikre uttrykket til Dybvig fungerer svært godt i den lyse utstillingssalen i Nils Aas Kunstnerverksted på Straumen i Inderøy. Det er fascinerande at ei slik perle av eit galleri finst i denne vesle, vakre bygda. Denne pulsen har gjort noko med heile staden, fleire mindre galleri har kome til, og vi møter flotte skulpturar og installasjonar i gatene og i parken.

Galleriet har ei fast utstilling som viser eit tverrsnitt frå det allsidige kunstnarskapet til Aas. Han arbeidde like lett i tre, leire, gips som i metall, ståltråd og endå papir. Midt i hovudrommet ruvar den fire meter høge installasjonen «Bauta» (1996), ei rund og konkav form som er bygd opp av blandingsved. I tillegg har galleriet 4–5 skiftande utstillingar i året. Utstillingane vert plasserte imellom arbeida til Aas, noko som skaper interessante dialogar.

*Nytt bord* (2019) av Per Dybvig. Foto: Solveig Viken
Nytt bord (2019) av Per Dybvig. Foto: Solveig Viken

Utstillinga til Per Dybvig er svært godt montert. Her er det godt med luft mellom verka, og vi får tilstrekkeleg avstand til å granske verka på god avstand. Faktisk er fleire av teikningane montert på veggen utan glas og ramme. Såleis får vi høve til å granske dei kloss på – ein luksus publikum sjeldan er unna.

Sjølv om desse to kunstnarane arbeider med vidt forskjellige univers, finn vi fleire tangeringspunkt. Vi finn att den same interessa for det gode handverket, omsuta for at detaljane skal inngå i ein heilskap, det leikne og fabulerande uttrykket til Dybvig finn resonans i Aas sine like leikne tredimensjonale uttrykk.

Det er vanskeleg å skildre dei uvanleg interessante kvalitetane ved dette samspelet. Som det helst er med kunst – du må reise dit og sjå det med eigne auge for å få fullgodt utbytte.